9. SORGSALME
Trø stilt der sorga herjar, la saknet finne fred.
Den største sorg er heilag. I den skal under skje!
Dei veit det, dei som sørger, at dagar kan bli år
før deira liv kan bera det ingen no forstår.
Gi tid, gi tid av nåde! I dag er nådens tid.
Til dei som søker rettferd gav Gud den gode jord,
med tre som veks, og fuglar som flyg frå sør mot nord,
med bølgjer og korallar, med nordlys, storm og snø!
med tårer, gråt og latter, med stjerner over sjø.
Hans tid er gitt av nåde. I dag er nådens tid.
I natt og mørker, Herre, skal no din kjærleik bu!
Løft sjelene som sørger frå dødens bitre gru!
Gi smak og lukt og fargar, vekk deira stumme song,
så dei kan kjenne glede og finne trøyst ein gong.
I dag er Herrens time. I dag er nådens tid.